Kafe/Konferanse

Kafè Allmenningen:
Kafèen i kulturhuset har ikkje fast opningstid, men tilbyr mat og drikke til arrangement, møte, kurs og konferansar som vert skipa til i huset.
Vi tilbyr og i visse tilfelle catering.

For catering ring: 90 64 62 00 eller 70 26 87 87

Kafèen ligg i første høgda i kulturhuset og syter for servering til arrangement som vert skipa til i dei ymse salane. Kafèen er og nytta til selskapslokale, og vi skreddarsyr gjerne bryllaup, jubileum, åremålsdagar, minnestunder og intimkonsertar.


Foto: Vassbotn

Konferanseavdelinga ligg ved sida av kafèen. Her tilbyr vi moderne møtelokale og teknisk utstyr. For større konferansar eller arrangement som krev særskilt teknikk, nyttar vi storsalen.

_
_
_