Om kulturhuset

Kontaktinformasjon:

Øyna 1 Postadresse: postboks 128, 6201 Stranda

Epost: post@storkultur.no

Telefon dagleg leiar; Hilderun Søholt 41 54 62 00

 

Om Storfjord Kulturhus:

Storfjord Kulturhus er eit regionalt kulturhus for bygdene kring Storfjorden. Huset ligg i hjartet av Stranda sentrum, og vart opna i november 1999. Kulturhuset er eigd av Stranda kommune. Samvirkelaget Storfjord Kulturhus SA står for drifta, og dagleg leiar er Hilderun Søholt.

  

I tillegg til kino-/konsertsal med sitjeplass til 300 menneske i amfi, inneheld huset fleire mindre møtesalar, konferanserom, kafe, rom for kunstutstilling, folkebibliotek og parkeringskjellar.

Storfjord Kulturhus er den naturlege møtestaden for kino, teater, dans, utstillingar og konsertar av alle slag, men vi skreddersyr og arrangement i ymse storleikar - frå små møte til selskap, stemne og konferansar med inntil 300 deltakarar.
Vi syter sjølvsagt også for servering av lunsj- og middagsrettar, og stiller med skjenkeløyve når det er ønskjeleg.