Butterfly Galore m/ gjestar

Bandet Butterfly Galore hadde eit kort men hektisk liv på midten av 1970-talet.  Ein stor del av repertoaret var sjølvskrive og om ein skal beskrive stilen så vil nok dei fleste meine progrock med innslag av flowerpowerbalader.  Drivande godt gitarspel med tidstypiske tostemte soli, rytmiske finurlegheiter, saman med merkelege tekster var eit kjennemerke. Ein må og nemne nokre beint fram vakre balader. 

Dette er kanske det tøffaste bandet som har vore på Stranda til dags dato, og hausten 2015 kom dei saman att på den legendariske "Syttitalsbanda på Stranda"- konserten som vart skipa til under Strandadagane.

Ståande ovasjonar og stadionstemning frå publikum gav meirsmak, og Buttefly Galore har den siste tida kome saman fleire gongar for å øve inn att låtar til ein heil konsert.

Med seg som gjestar på konserten har dei orkesteret til Kai Rutherford Dybedahl, og vi lovar at her vil det ta heilt av i storsalen!

Butterfly Galore er: Lars Egil Døving, trommer, vokal - Egil Nilsen, gitar, vokal - Torstein Rem, gitar, vokal og Kjell Morten "Motta" Solheim, bass.

Vi lagar klubb og opnar baren til ein konsert det kjem til å bli snakka om i mange år framover!





Bandet Butterfly Galore hadde eit kort men hektisk liv på midten av 1970-talet.  Ein stor del av repertoaret var sjølvskrive og om ein skal beskrive stilen så vil nok dei fleste meine prog-rock med innslag av flower-powerbalader.  Drivande godt gitarspel med med tidstypiske to-stemte soli, rytmiske finurlegheiter, saman med merkelege tekster var eit kjennemerke. Ein må og nemne nokre beint fram vakre balader.  Bandet har no kome saman igjen og pustar liv  i dei meir enn 40 år gamle songane.




Billettar til Butterfly Galore m/ gjestar

  1. Lau 16. sep kl 21:00 250 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_