Eva Weel Skram

NB! Konserten er flytta til ny dato, 17. februar, 2018, grunna stemmetrøbbel! Publikum som vil behalde billettane til då, kan gjere det, utan vidare. Publikum som ikkje kan gjere dette, vil få refundert billettane sine i kulturhuset.

Dette er kva Eva skriv i høve flyttinga:

Hilsen fra Eva:

Dei 2 siste åra har vært heilt fantastiske, med fulle konsertsalar landet rundt, festivalar, TV-program og ikkje minst - eg har fått gleda av å treffe tusenvis av nydelege publikum over heile landet!

Det har vore mykje jobbing - kvar veke har me spelt konsertar, jobba i studio, skreve låtar og møtt nye folk. Det har vært veldig gøy, men har òg tatt på. Her om dagen fekk eg beskjed om at eg har ein polypp på stemmebandet. Ikkje veldig dramatisk i seg sjølv og kanskje ikkje det verste i verden, men absolutt det verste i min verden: for legen råda meg til å helst ikkje å synge/snakke  i tida framover. Det passar jo veldig dårleg når ein skal ut på lang turné!!! Konklusjonen er likevel at eg må gi stemma litt meir kvile enn planen var. Derfor må me flytte nokre av konsertane me skulle spele i haust til litt seinare. Ikkje alle men nok til at stemma får tatt seg inn igjen frå konsert til konsert.

Eg er veldig lei for at det blir sånn enkelte stader, tru meg, dette tek eg ikkje lett på. Men eg håpar folk forstår, og at dåke framleis vil komme på konsert når me kjem tilbake til plassane det gjeld neste år!

Eva 

Eva Weel Skram, som for mange er kjend frå bandet Eva & The Heartmaker, har hatt to fantastiske år bak seg etter at ho deltok på Hver Gang Vi Møtes. Der song ho seg inn i mangt eit hjarte, mellom anna med sin nydelege versjon av Henning Kvitnes’ Evig Eies (kun et dårlig rykte).

Sidan den gong har ho, saman med sin ektemann og gitarist, Thomas Stenersen, alt rukke å turnere Norge rundt for fulle hus fleire gongar. På samvitet har ho, mellom anna to utselde hus i Operaen i Oslo og ei drøss med festivalopptredenar, for å nevne noko.

Fjoråret vart toppa med tittellåten «Selmas Sang» til NRKs nye juleklassikar «Snøfall», som vart svært populær i dei tusen heimar.

I tillegg vart ho i 2016 mor for første gong, og medan livet som turnerande småbarnsforelder er utfordrande, finn Eva styrke i dei fantastiske tilbakemeldingane ho får frå publikum, same kvar ho spelar konsertar.

Med seg på turné i haust har ho heilt nye låtar frå sitt første norskspråklege album som er under innspeling no, i tillegg til utvalgte låtar frå Hver Gang Vi Møtes, gamle hits ikledd nye drakter og ei og anna overrasking.

Eva er ikkje framand for å by på seg sjølv frå scena, så om du har lyst å bli betre kjend med både Eva og den nydelege stemma hennar, er det berre å gle seg til konsert.




Billettar til Eva Weel Skram

  1. Lau 17. feb kl 19:00 400 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_