Frode Alnæs - Min dans med strenger

Det er berre å glede seg! Laurdag 14. april 2018 kjem Frode Alnæs til Stranda med soloframsyninga ”Min dans med strenger” – ei konsertframsyning om Frode sitt liv med gitaren. Dette blir ei personleg og underhaldande reise – med historier henta frå eige liv. Gitaren og gitaristar vil bli hylla og hersa med i framsyninga, og vokalisten er naturlegvis den store fienden.

”Min dans med strenger” handlar om gitaren som ven, trøyst, gledesspreiar, reisefølge og kunstnerisk uttrykk. Dette handler om eit livslangt venskap med instrumentet som trøysta då håret fall av som 11-åring, Om det å være annleis, til det å slå gjennom som musiker og å bli ein kjent gitarist, artist og komponist.

Frode har mykje på hjartet i ”Min dans med strenger”. Han ønsker å fortelje historier som røyver oss, historier han brenn for, historier vi kjenner oss att i – og som får oss til å humre eller hyle av latter. Og det vil bli mange store musikalske augneblikk.

Frode Alnæs vert rekna som ein av Norges beste gitaristar. Gjennom snart 35 år som profesjonell musiker har han blitt feira som ein suksessfull artist, låtskrivar og humorist. Frode er den ulitmate entertainer, og han emnar å fjerne avstanden mellom scene og sal. Han har gjort det meste – og spelt med dei fleste. Han har vitja kvar krik og krok av landet, opplevd oppturar og nedturar, og suksessar i inn- og utland som dei fleste berre kan drøyme om. No gler han seg til å gjere det han er best på; å spele på mange strengar samstundes – og å dele artige betraktningar, opplevingar og fantastisk musikk med sitt publikum!

Ivar Tindberg har regi på framsyninga som vert produsert av Frog Music AS.
Kapellmester: Morten Huuse
Trommer: Thomas Gallatin
Bass: Olaf ”Knerten” Kamfjord
Produsent: Kristin Dæhlie, Frog Music AS



Billettar til Frode Alnæs - Min dans med strenger

  1. Lau 14. apr kl 19:00 390 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_