Hotelldirektøren som kraup ut av vindauget og forsvann

Vår eigen Katrine Bjørstad Langlo slår saman med KOR LØYE igjen til med ein ny thriller i Palmehelga. Ver klar til å trimme lattermusklane endå ein gong saman med våre beste, lokale krefter!

Denne gongen er vi på Pudderparadis Hotel i Stranda sentrum, der diskusjonen går heftig om spa-avdelinga skal leggast ned eller ikkje. Medan den lettare korpulente og dominerande hotelldirektøren Per Helge meinar den bør bytast ut med ein brun bar, er der andre krefter på hotellet som er villige til å strekke seg langt for å halde spaet i live. Veldig langt!

Nokre av spørsmåla vi kan få svar på denne kvelden er:

Treng ein egentlig ein sunn livsstil med trening og alle mulige slags kosthaldsplanar? Kan ein hotelldirektør berre forsvinne i lause lufta?

Kva gjer ein bartender om han går tom for råvarer i baren?

Dette og mykje anna vil du få svar på når Kor Løye igjen tek deg med inn i sin morosame verden.



Billettar til Hotelldirektøren som kraup ut av vindauget og forsvann

  1. Fre 23. mar kl 19:30 320/170 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_