Midt i livet 2 - Nå skjer det - Teatret Vårt

NB! Vi lagar klubbteater med småbord og open bar, og lovar topp stemning!


Omtale:

Klokka tikkar.

Eitt år har gått sidan gutane i Kom?u9kazjon starta band i håp om at det skulle hjelpa dei med å få finna den store kjærleiken. Og gutane har stått på. Dei har spelt nærare tjue gonger kringom i fylket og gjeve alt. Og ikkje heilt utan resultat …

MEN.

No er det på tide å ha ein fest. Det er lenge sidan gutane har festa. Dei har mykje å snakka om. For går dette kjærleikstoget litt fort om dagen? Var det litt tidleg å kjøpa den allianseringen? Og kva er eigentlig ein alliansering? Midt oppi det heile så er det trass alt noko som heiter å skunda seg langsamt.

Gutane har framleis Olav Hesthagen som manager, men utover det vert det mykje nytt. Denne gongen flørtar dei òg med andre musikksjangrar og gler seg stort til å spela nye låtar. Ikkje minst gler dei seg noko innmari til å ta seg ein fest. For som Hesthagen seier: Det er ein menneskerett å ta seg ein fest!

 



Billettar til Midt i livet 2 - Nå skjer det - Teatret Vårt

  1. I dag kl 19:00 295 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_