Pk & Dansefolket / Bjørns Orkester

Vi gjentek suksessen frå i fjor, med dobbeldans, der publikum får høve til å svinge seg i timevis til desse to populære orkestra.

PK og Dansefolket har stor suksess for tida, og dansejobbane strøymer på for den populære strandasongaren og bandet hans. PK spelar inn nye plater heile tida, og publikum likar at det skjer på dialekt! Når PK står på scena går det berre sekund før dansegolvet er fullt, og slik blir det - heile kvelden - også når Møre og Romsdals store dansebandcowboyer Bjørns Orkester spelar opp! Bandet har forlengst etablert seg i eliten blant norske danseband. Etter at kontrakt med Tylden & Co. var i boks i 2003, har dei vore å rekne med blant toppane i dansebandsjangeren med ein formidabel popularitetsauke frå år til år. Og det skuldast ikkje berre musikken - her er ein gjeng joviale og omgjengelege musikarar som er like populære blant publikum som blant musikerkolleger over heile landet. Det ekstra beviset for dette fekk dei i 2013 i form av både Gullsko som «Årets danseband» og fantastiske plasseringer på VG-lista Topp 40!

Sjefen sjølv, Bjørn Kalvatsvik, er blant legendene med sine 45 år i bransjen! Resten av gjengen derimot er nærast for ungfoler å rekne. Men erfaring som dansebandmusikarar har dei i bøtter og spann likevel: Sønene Mathias og Johnny Kalvatsvik har spelt i Bjørns Orkester sidan rett etter konfirmasjonsalderen, medan fjerde- og yngstemann Jan Erik Bang Småge feira sine første ti år i orkesteret i 2014.



Billettar til Pk & Dansefolket / Bjørns Orkester

  1. Lau 10. mar kl 21:00 350 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_