Velledalskoret - Julekonsert

Våre vener over fjellet, Velledalskoret, med dirigent Solveig Håvik i spissen, er igjen på plass til julekonsert i kulturhuset.

Koret fyller 35 år i år, og har hatt det travelt med jubileumskonsertar i Sykkylven, Volda og Ålesund.

Velledalskoret er kjent for kvalitet og gode solistar og fleire av songarane kjem frå Stranda. Særskilt juleprogrammet er av høg klasse. Her kjem dei kjende og kjære julenummera på rekkje og rad, og publikum får ei flott musikkoppleving, med gåsehudfaktor og julestemning så det held til påske!

 


Billettar til Velledalskoret - Julekonsert

  1. Lau 16. des kl 19:00 250/150 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_