Stranda kulturskule

Stranda Kulturskule held til i lokaler i 2 etg. i Storfjord Kulturhus.
Skulen har sidan 1976 gitt opplæring til barn og unge på ulike instrument og i ulike musikkgenrar. I 2007 kom dans inn som eige fag.

Barn og unge mellom 7-18 år er hovudmålgruppa.
Skulen har i dag om lag 130 elevar. I tillegg står skulen for opplæringa i skulekorpsa på
Stranda og i Sunnylven. Vi har og tilbod til fysisk/psykisk utviklingshemma. Opptak her
må det søkast særskilt om.

Rektor er Trond Otto Berg.

Meir informasjon om Stranda Kulturskule finn du på heimesidene til
Stranda kommune: www.stranda.kommune.no

_
_
_