BIG WHEEL TURNING BAND

Om arrangementet

Denne laurdagskvelden blir det stor stemning i storsalen med fengande sørstatsrock! Vi har lenge tenkt at det er på tide å få den dyktige gjengen frå Sykkylvsbandet Skabelon på scena vår. No får vi det, pluss litt til! BIG WHEEL TURNING BAND er nemleg delvis basert på same besetning som Skabelon, men med to glitrande forsterkningar frå Stranda; Daniel Dvergsdal og Andreas Siem. BIG WHEEL TURNING BAND spelar fengande sørstatsrock, som er ein slags blanding av rock, blues og country. Sørstatsrocken oppstod i sørstatane i USA på slutten av 60-tallet, og vart etter kvart stort «over there» utover 70-tallet. Det første bandet som spelte denne stilen var The Allman Brothers Band. Seinare kom band som f.eks. Lynyrd Skynyrd, Little Feat, Molly Hatchet og Blackfoot. Musikken har «twin guitars», dvs doble melodiske gitarlinjer, mykje perkusjon og en god del koring som kjennemerke. Rett og slett en type musikk som vil fenge mange. Vi riggar salen med småbord og bar, og god plass til å danse / digge foran scena! I BIG WHEEL TURNING BAND finn vi: Kent Tandstad – vokal, sax, perkusjon Sondre Utgård – trommer, vokal Mathias Utgård – gitar Daniel Dvergsdal – gitar Sten Utgård – bass Vegard Tandstad – perkusjon Malin Andrea Uri – vokal Lena Fet – vokal, gitar Andreas Siem – keyboard Dørene og baren opnar kl. 19.00 Etter konserten opnar vi opp for spontan jamming på scena..så her kan det bli mykje tøft! Velkomen!