Det beste alternativet
Billettar
Om arrangementet
DET BESTE ALTERNATIVET er eit event- og partyband som har fungert som garantist for god stemning sidan bandet såg dagens lys i 2014. Vepna med eit repertoar beståande av tidlause låtar helit tilbake frå 50-tallet og fram til dagen sine radiohits (frå Elvis til Miley Cyrus), kombinert med evna til å lese sitt publikum, sørgar bandet alltid for å blidgjere alle aldersgrupper, fylle dansegolvet, og få salen med på ljomende allsong! Bandet har i praksis status som husband hos fleire større bedrifter på firmafestar, og er også kjende som "afterparty-bandet" under Tahiti-festivalen i Kristiansund, kor de har spelt for fulle hus i 8 år på rad. I storsalen vert det ein del småbord og stolar, god plass til å danse og bevege seg på, og open bar. Dørene opnar kl. 20.00 og bandet kjem på mellom 21.00-22.00. Aldersgrense 18 år. Som ei forlenging av Stranda Bygdepride som startar tidleg denne dagen, vert dette eit fyrverkeri av ein konsert og fest! Kom og bli med!