EVA CASSIDY - Tribute konsert
Billettar
Om arrangementet
Sykkylvsjenta Lena Fet har lenge hatt ein draum om å gjere ein hyllest til Eva Cassidy. Denne laurdagen skal draumen oppfyllast på Storfjord Kulturhus! Dette fortel Lena Fet om konserten: -No kan eg fortelje noko kjekt, om eit stort prosjekt for meg, rett og slett ein draum i oppfylling. Eg skal endeleg få gjennomføre ein Eva Cassidy konsert saman med flotte songarar og musikarar. Eva Cassidy var ei av dei store mix voice songarane, og ho gjekk ikkje på noko songundervisning. Ho var ei av desse naturlege songarane. Eg trur ho aldri skjønte kor flink ho var, ho sleit stadig med dårleg sjølvtillit og likte best å stå lengst bak i bandet, eller å stå i mørket. Cassidy vart dessverre ikkje kjend før etter sin død, og det gjer leit å vite at ho ikkje fekk oppleve suksessen. Ho hadde nok turnert verda rundt og blitt ei enda større stjerne. Under konserten, så skal eg snakke litt om livet til Eva Cassidy, mellom, og gjennom songane. Kvar song har si historie. Eg hadde aldri klart å gjennomført konserten åleine, så eg er glad for å ha med alle dei fantastiske songarane og musikarane. Mange av dei veit ikkje kor dyktige dei er, slik som Eva Cassidy? På scena: Lena Fet, vokal og gitar Anette Fet, vokal Leon Sætre, gitar Andre Ramstad, piano Bente Bjørnestad Myrseth, vokal Malin Gjerde Yri, vokal Peder Lundanes, bass Sondre Kvistad Utgård, trommer Helen Eriksen Røberg, vokal Anja Naustenget, vokal May-Anita Horvli, vokal Billett: kr. 350,- for vaksne, born under 16 år: gratis