Hildegunn & Leif-Per utan Kringkastingsorkesteret

Om arrangementet

Hildegunn & Leif-Per gjer comeback! Etter ei 15 år lang pause frå norsk showbiz er den eksentriske husmora frå Ulsteinvik og taxisvogeren hennar endeleg tilbake! Mykje har skjedd i livet til Hildegunn sidan sist – ho er blitt bestemor, har skilt seg frå Per-Leif (framleis broren til Leif-Per), ho har deltidsjobb på Cubus - og har endeleg greidd å fullføre ei etterlengta coach-utdanning. Leif-Per er framleis Søre Sunnmøre sin mest habile gitarist, og har kjøpt seg hytte med vakuumtoalett. Gled deg til ein kveld med merksnodig galskap, komikk og musikalske perler! Og ikkje minst alle dei moglegheitene som melder seg når ein ikkje skal samarbeide med Kringkastingsorkesteret.