Info billettsal

Vi er i gang att med konsertar og kinoframsyningar - førebels med tak på 200 personar i salen. Personar som er i familie eller som er saman til vanleg, kan sitje saman. Billettsystemet vårt ordnar plassering etter Covid 19-reglar. Vi tek pandemien på alvor, slik at publikum skal kjenne seg trygge i kulturhuset.

Hjå oss kan du kjøpe billettar på Internett 24 timar i døgnet ved å klikke på lenka "Kjøp".

Du kan og reservere billettar ved å ringe kulturhuset på telefon 90 64 62 00.

Ved kjøp på Internett vel du sjølv seteplassering. Du kan skrive ut billettane heime eller hente dei i billettluka. E-billett som du skriv ut heime, vert skanna for kontroll av billettøren i døra.

Skal du ha rabatt på framsyningar kan du ikkje kjøpe billettar på nettet.

På kveldstid opnar alltid billettsalet i Kafè Allmenningen, 1 time før første framsyning, og stenger når siste framsyning startar.

Storfjord Kulturhus refunderer ikkje selde billettar.

Ved feil på billettkjøp på nett, manglande kvitteringar eller anna, send epost til post@ebillett.no

 

_
_
_