Jubileumskonsert

Om arrangementet

Storfjord Kulturhus vart bygd som regionalt kulturhus for bygdene rundt Storfjorden, og stod ferdig i 1999. Opningsshowet den gongen var med Stranda sin store humorson; Are Kalvø. No er dette 25 år sidan og vi skal sjølvsagt ha jubileumskonsert! Det har vore mange sterke, gode og flotte opplevingar desse åra med både nasjonale og internasjonale artistar. Men ekstra kjekt har det vore dei gongane det har vore lokale artistar som har begeistra publikum. Det er difor heilt sjølvsagt at vi denne kvelden skal ha artistar med lokal forankring på scena! Dette er artistar som har vakse opp i huset vårt, som kanskje har fått opplæring gjennom kulturskulen vår, og som har modna gjennom dei første nervøse skritta på nettopp vår scene. Det er også eldre artistar som har vore innom oss i mange ulike samanhengar og som har prega det lokale kulturlivet i mange år. Kulturhuset treng lokale kulturutøvarar, og desse treng kulturhuset! Vi lovar ein fantastisk kveld med flotte artistar og variert program! JOY starta som eit utspring frå Akropolis i 1979. Året etter vart det endringar. Berre Sigurd Drege vart att frå gamlebandet. Saman med Svein Arne Furset og Lars Egil Døving held Joy fram som trio og spelte til dans på bygdefestar, i bryllaup og åremålsdagar. Då Mon Cheri vart oppløyst, kom brørne Ole Bjørn og Arnfinn Siem med på bass og gitar. Både repertoaret og nedslagsfeltet vart utvida og Joy spelte i mange år på dansesrestaurantar og samfunnshus i distriktet. Til dømes var dei godt likte på «Monte Christo», den største danseplassen i Trondheim. Joy har framleis både spelelista og spelelysta inne og gler seg til å framføre glansnummera sine på jubileet. KOR LØYE; Indre Sunnmøre sitt mest sjarmerande damekor stiller klar til jubileumskonsert! Damene i Kor Løye er ein ivrig gjeng som har det kjekt og sosialt i lag, med mykje song og latter. Storfjord kulturhus har vore koret si scene sidan oppstarten i 2013, og her har vi hatt mykje moro med konsertar og ikkje minst sjølvskrivne kabaretar frå koret. Kor Løye gler seg til ein kjekk kveld saman med publikum og dei andre artistane som skal bidra. Musikalsk leiar for koret er Trude Skogly Rolfsen. KOR NØYE?! Nokre få år etter at damekoret Kor Løye hadde etablert seg på Stranda ville ikkje mannfolka sitje heime lenger. Klart bygda skulle ha eit mannskor! Kor Nøye blei stifta tidleg i 2017 med Kjellaug Oma som dirigent. Koret har eit allsidig repertoar frå salmar til popsongar og litt artige innslag innimellom. Talet på medlemmar har gradvis blitt større og dei nærmer seg no 20 songarar med same dirigenten. "TRIABLO har hatt mange små og store oppdrag dei siste åra og er ein populær trio i bygda. Bandet består av Andreas Lillevold, Marius Steen Rikardsen og Daniel Dvergsdal. Dei spelar både nye og gamle kjende låtar frå dei siste fem tiåra, innan pop- og rocksjangrane. TRIABLO Band består i tillegg av Lars Grindvik Uri (Sjándi, Dream Theater Tribute) på bass og Sondre Kvistad Utgård (Skabelon) på trommer. Her blir det liv!" A.P.S. "LONELY" alias Arnfinn Siem fekk namnet sitt då han starta for seg sjølv i slutten av 1996. Han laga sine eigne komp, spelte gitar medan han song, som one man-band rundt omkring på heile Møre og vel så det. Av og til tok han med seg sonen Andreas på gitar. Repertoaret er for det meste gamle kjende danselåtar fra 60- og 70-talet. No, etter 27 år, er ikkje siste tone spelt, men alderen tyngjer litt, sier han sjølv… Men, det trur ikkje vi! KATRINE LANGLO, også kjend frå scena med Kor Løye, er låtskrivar og artist frå Stranda som vil framføre eigne låtar med bandet sitt, som for høvet består av Daniel Dvergsdal, Malin Pålsson og Tor Einar Steinsvik. Langlo skriv alle låtane sine sjølv med sterke tekstar og flott lydbilde. Fleire av låtane til Langlo kan du finne på Spotify. MARI SKOGLY har vore ein viktig artist for Storfjord Kulturhus! Året etter at kulturhuset opna, drog ho nemleg i gang husets eige orkester, «Storfjord Allstar Bigband». Orkesteret møttest kvar romjul, som samla proffesjonelle og amatørar frå heile landet. Musikarane stilte opp gratis for kulturhuset i ti år, og det heile vart avslutta med ein legendarisk konsert der verdskjende Georgie Fame var heidersgjest. Mari jobber til daglig med musikkstudenter på Høyskolen Kristiania i Oslo MALIN PÅLSSON som er fødd og oppvaksen på ein gard i Jamtland i Sverige, forvilla seg til Sunnmøre i 1999, og har sidan imponert mange med si flotte røyst. Mange har høyrt henne som solist og korist for Kor Løye, i lag med gutane i Triablo, i bandet til Katrine Langlo, eller på ulike solistoppdrag. Gunnhild Overvoll vil vere med som pianist. KRISTIN STORSTEIN er Hellesylt si store songstjerne som mange kjenner frå konsertar og arrangement i kommunen. Ho er ein populær artist med repertoar frå fleire sjangrar. Med seg denne kvelden har ho Gunnar Inge Eide på piano. Vi vil truleg også få eit innslag eller to frå KULTURSKULEN, anten frå lærarar eller elevar, og vi oppdaterar programmet når vi veit kven dette blir. Til å lose oss gjennom kvelden har vi sjølvsagt valt radarparet frå Strandaquiz´n, PAUL IVAR PEDERSEN og LEIDULF ÅRVIK. Desse karane har underhalde og quiza oss gjennom mang ei romjul og påske! I tillegg til å vere programleiarar vil minst ein av dei framføre ein låt under konserten. Quizspørsmål: Kven av dei?! Dette blir ein festkveld vi kan leve lenge på! Hugs å tinge billett i tide for her blir det fort utselt.. Arrangementet vert gjennomført med støtte av Teftmidlar frå Sparebanken Møre