Knut Marius - EMBER

Om arrangementet

Dottera ga Knut Marius motivasjon til deltaking i TV reality. Det vart det ny låt av! Og no er han igjen klar for turné. Det viktigaste i livet for Knut Marius er musikken og familien. Eit år etter at Knut Marius debuterte med albumet «6393» er artisten frå Tomrefjord nok en gong klar med ny musikk. I mai 2024 kom singelen EMBER, som handlar om dottera VILJA, og betyr glødande kol. Vinteren 2025 kjem nytt album, og Knut Marius samler igjen sitt stjernelag av musikarar ut på turné. Utgivinga og turnéen har fått tittelen EMBER, og Knut Marius tek låtskrivaren som utvikla seg gjennom eigne ord og uttrykk på dialekt med 6393, inn i ei engelsk verd igjen! EMBER handlar om det å ta tak i sitt eige liv, våge å gå laus på utfordringar, og heile tida søke mot det neste steget. Ei slik reise byr alltid på djupe refleksjonar, men det er ei reise ein må gjennom for å utvikle seg, og for å oppnå nye milepæler i livet. Og utfordringar tek Knut Marius på strak arm, med «hat trick» i reality. The Voice 2013, Stjernekamp i 2020 og Kompani Lauritzen i år. Norgesturnéen startar i februar 2025, og er backa av eit knippe av Noreg sine aller beste musikarar, leverast av ei stor stemme, og en ærleg låtskrivar frå Tomrefjord. På scena: Knut Marius - Vokal Tommy Kristiansen – vokal og gitarer Jonny Sjo – Vokal og bass Haakon-Marius Pettersen – Vokal og tangenter Marius Simonsen – Vokal og trommer Velkomen på konsert!