Absolutt ikkje ein julekonsert - Kor Løye/Kor Nøye

Vente med advent?

Kjenne meir på hausten?

Rett og slett utsetje

heile julestria?

Med ein kveld, minst?

Saman med eit kor?

Damekor kanskje?

Åhh? -du likar kanskje

mannskor betre?

Orkester seier du?

Rett og slett ein

større korkonsert i november?

Heilt utan julesongar?

Ha ha ha!!

Du er visst kravstor du?

Vi tullar ikkje - det let seg gjere!


Laurdag 24. nov. møtest Indre Sunnmøre sitt mest sjarmerande damekor og Stranda sitt mest skjeggete mannskor til felles konsert. Repertoaret spenner over populærmusikk frå 1926 til 2000-talet, utan tanke på ein einaste nisse, stall, stjerne, reinsdyr, presang eller frostrose på vindauget.

Det vert langt- og kortreist musikk for alle kjønn og alle årstider, med og utan komp og orkester - ujålete og ujulete - absolutt for deg!l


Billettar til Absolutt ikkje ein julekonsert - Kor Løye/Kor Nøye

  1. Lau 24. nov kl 19:30 320 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_