Deilig er jorden - Teatret Vårt

Tenk å få ete is kvar dag!

Det er så herleg å kjenne at alt er bra. Alle er nøgde. Alle vil vere ven med deg. Alle er lukkelege. Gløym alt det kjedelege og dumme. Alle problem er vekk. Livet er perfekt! Eller?

I det lyseraude landet er alle glade og nøgde heile tida. Den lyseraude keisaren bur i eit lyseraudt palass. Kvar dag opnar han dørene og inviterer alle inn til sitt fantastiske popshow! Han syng splitter nye låtar i nye kule klede. Han er ei superstjerne!

Ein dag får dei uventa besøk. Ei jente har reist langt for å kome til palasset, fordi ho leitar etter nokon som har forsvunne. Keisaren sine reparatørar undersøker henne, og reagerer på nokon av orda ho seier. Dei prøver å få henne til å passe inn og bli som alle andre i det lyseraude landet. Ho mistenker at det er noko merkeleg som går føre seg. Tør ho stole på si eiga stemme? Vågar ho å avsløre den store løyndomen sin?

Deilig er jorden er ei leiken og musikalsk teaterframsyning, som handlar om å tore å være seg sjølv og å stille spørsmål ved tilveret.

Velkomen til eit sukkerty av ei teaterframsyning!

 

Premiere 25. mars 2020

Lengd Ca. 1 time

Målgruppe Frå 6 år

 

Instruktør
Ingrid Askvik

Scenografi og kostymer
Ida Grimsgaard

Musikk
Felipe Noriega

Lysdesign
Jonas P.A. Fuglseth

Manus
Vera Krohn Svaleng

Medverkande
Amalie Sofie Ibsen Jensen, Benedikte Karine Sandberg og Anders Firing Aardal

 


Billettar til Deilig er jorden - Teatret Vårt

  1. Tys 12. mai kl 18:00 180 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_