Ein mann med namn Helge - Kor Løye

Etter eit relativt trasig år er Kor Løye endeleg klar for nye artigheiter i Storfjord Kulturhus palmehelga. Etter utsetjing i fjor vil de no bli servert ei campingperle av ein kabaret som skal sette lattermusklane og rockefoten på høggir i palmehelga. På Stranda Feriesenter ein påskedag kan det skje så mangt, men denne dagen er ytterst dramatisk sjølv for ein liten stad som Stranda. Det heile startar med at søstrene Gøril og Anne Britt sit i fred og fordraglegheit utanfor campingvogna si og kosar seg med bålpanne og strikking. Lite anar dei om kva denne kvelden vil bringe med seg av hendelsar. Dei ventar berre på kveldens store happening, «kok og kved», altså pølsegrilling og karaoke. Det heile tek ei brå vending når sjefen for campingplassen, Helge, vert funnen daud bak nøva. Eit stort samansurium av forskjellige campinggjestar og tilsette skal både misstenkast og avhøyrast, som er tradisjon tru i ein påskekabaret. Det heile er styrt av ein breial og brautande trønderpurk som er meir opptatt av å cashe inn damer og bestikkelsar enn å løyse sjølve saka. Kjem dei til botn av saka og finn ut kven som har teke Helge av dage? Ta turen til Storfjord kulturhus og bli med på moroa!


Billettar til Ein mann med namn Helge - Kor Løye

  1. Lau 22. mai kl 19:30 395/250 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_