Jubileumsjazz - Big Odd m/gjestar

BIG ODD BAND fyller 25 år den 28.desember 2019, og kulturhuset feirar 20 år.

Gjennom dei 25 åra orkesteret har halde på, har det vore innom nær 200 unge musikarar frå Sunnmøre og Romsdal.

Den aller første konserten vart halden på Vestborg på Stranda, i mars 1998.

Fleire tidlegare medlemer har kome attende etter endt utdanning, og Big Odd har faktisk no med ei dame som var med å starte bandet for 25 år sidan! 

Ellers har vi ganske mange som har vore med i ei årrekke, faktisk heilt tilbake til før 10 årsjubileet! 

Nokre fedre har gjennom åra blitt med, først som vikarer, gjort seg uunnværlege, og berre fortsett, noko vi syns er veldig hyggeleg. Likevel har vi ein ungdomsprofil! Yngstemann i dag er 10. klassing, og fleire går på vidaregående skule, på ymse linjer. Fleire er og under utdanning på høgskuler, og nokre er ganske nyleg ferdig med utdanninga.

Bandet har idag etablert seg som eit av dei betre amatørstorbanda i Norge, noko vi fekk ei solid stadfesting på under denne haustens opptreden på Romerike Storbandfestival, på Lillestrøm i oktober.

Bandet har gjennom disse 25 åra sett solide spor etter seg, både i denne regionen, og i store deler av landet ellers..

Energi, trøkk og speleglede, er vel kjenneteikna våre.

Til årets Julejazz på Stranda har vi invitert med oss nokre tidlegere musikarar/songarar, som alle idag livnærer seg som profesjonelle musikarar. 

 Vi gler oss til treffe igjen:

 - Mari Skogly, frå Stranda, utdanna saxofonist, som har spelt i bandet, og er med på 3 av bandet sine 4 CD-innspelingar.

 - Rune Jostein Eide, frå Eidsdal, utdanna trompetist, og i dag Kulturskolerektor i Tingvoll kommune. Var med i oppstarten!

 - Ole Jørn Myklebust, frå Eidsdal, utdanna trompetist, idag frittståande musiker, kjent frå mellom andre Mari Boine Band og Jonas Fjeld Band. Mykje brukt som musiker i svært mange samanhenger over heile landet (og tildels utaskjærs)..  Var med i oppstarten!

 - Birgitte Grytten Velsvik, frå Ålesund, utdanna operasongar i Moskva, med ei rekke solistoppdrag i inn- og utland. 

For tida engasjert på Folketeateret med musicalen «Sound of Music». 

Birgitte har sunge i ei rekke konserter med storbandet vårt, og kan vel med rette kallast Sunnmøres Souldronning! 

Som Aretha Franklin-tolker, er ho heilt fantastisk!

Alle disse ville vere med å feire bandet sitt 25 årsjubileum, noko vi set kjempestor pris på!

 

I tillegg har vi med oss våre 3 faste vokalister, som vi har fått eit veldig godt samarbeid med..

- Trygve Sætre, frå Larsnes, kjent som hovudvokalist fra Feel it-prosjektet på «Søre Luten»  …Han har sunge med oss i fleire år no.

- Hanne Steinsvik Mele, og Cecilie Kvernevik, begge frå Ålesund, nye av året, men allsidige kordamer, med fleire solistinnslag.

Fleire av våre profesjonelle gjester har med nyskriven musikk som vi gler oss til å framføre.

Truleg dukkar det og opp ein lokal sinatratolkar...

 

Vi kan garantere god romjulsstemning, og at taktfoten kjem til å rusle og gå resten av romjula! 

I tillegg blir det litt julemusikk, noko energisk, nyarrangert funk, og elles svært høyrbar musikk!

Vi gleder oss VELDIG til et gjensyn med Strandapublikumet!


Billettar til Jubileumsjazz - Big Odd m/gjestar

  1. Lau 28. des kl 19:30 300/150 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_