Julejazz - Big Odd Band hyller Ella

Sjølvsagt vert det storband på julejazzen også i år. BIG ODD BAND med sin faste leiar ODD FOSSUM, stiller på med eit flott program.

I år har dei eit samarbeid med Birgitte Grytten Velsvik frå Ålesund. Ho er mest kjend som operasangerinne, og har gjort mange solistoppdrag i nær sagt heile verda. For tida er ho engasjert på Folketeateret i Oslo, der ho syng i den norske oppsetjinga av Andrew Lloyd Webber sin «Operafantomet».

Birgitte er nok også ei av Norges aller beste soulsongarar, og ho elskar å synge med storband. Det er sjølvsagt svært kjekt at ho likar å synge med  Big Odd Band.

Dei har etter kvart gjort ein del konsertar saman, og publikum er like begeistra kvar gong; «For en songerinne!!!»… 

Det passar difor veldig godt å bruke ein del av årets juleprogram på å heidre Ella Fitzgerald, og hennar fantastiske song gjennom mange år..

Odd har fått tak i ein del av Ella sitt originale juleprogram, og ønsker å bruke dette på årets Julejazz. 

I tillegg vert det sjølvsagt kjend og kjær musikk frå ei rekke andre artister.

 Det er berre å glede seg!



Billettar til Julejazz - Big Odd Band hyller Ella

  1. Fre 28. des kl 19:30 350/200 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_