Julekonsert - Fremmerlid, Fongen, Sykkylven Janitsjar

I mange år har operasongarane Charlotte Fongen og Magne Fremmerlid halde julekonsertar i kyrkjer og kulturhus på Sunnmøre. I år har vi vore heldige og fått dei attende til Stranda.

På repertoaret står kjende julenummer og flotte melodiar frå opera og operette, og allsongfaktoren er høg.

Sykkylven Janitsjarorkester vart opprinneleg skipa som Musikklaget «Lurlåt» i 1921, og er eit av dei eldre korpsa på Sunnmøre. Korpset skifta i 2006 namn frå Lurlåt til Sykkylven Janitsjarorkester. 

Følgande er saksa frå heimesida deira på Facebook:

NM 2019 er vel overstått for oss i Sykkylven Janitsjarorkester. Jan Petter Frostad losa oss svært godt gjennom prosessen og konkurransen....og musikantane både kan og vil ! Denne gongen har vi også vist at vi verkeleg får det til ! Mange dyktige solistar og eit sterkt felles fokus frå alle 58 som var på scena på førte til ein overraskande 5.plass i 2.divisjon.


Billettar til Julekonsert - Fremmerlid, Fongen, Sykkylven Janitsjar

  1. Fre 20. des kl 19:30 320/170 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_