Magi- og fantasioperatørane - Teatret Vårt

Improteater om magiske kvardagar

Ei framsyning til deg som alltid lurer på kven som bur inne i det tomme huset i gata, eller som kvar kveld håpar det skal være eit monster under senga… - eller kanskje stikk Supermann innom på middag?

Magi- og fantasioperatørene finn på historier ut av nesten ingenting. Eller det vil seie; av alt det som skjer med deg kvar einaste dag, nesten heilt utan at du tenker på det. Kva om frukostblandinga di kunne sende deg tilbake i tid, eller at læraren din eigentleg bruker matematiske formlar for å suge livet ut av elevane sine - eller jobbar kanskje mora di på eit kontor som kan lese tankane dine?    

Med utgangspunkt i heilt vanlege kvardagar lagas improteater der historiene forandrast frå gong til gong. Magi- og fantasioperatørene lagar eit inkluderande og engasjerande teater der borna kan la seg inspirere til å lage sine eigne historier. Teater kan oppstå kor som helst - av kva som helst.

Ta med kvardagen til heile familien og lag litt magi av den saman med Magi- og fantasioperatørene!

Hos oss er kvardagar alt anna enn kvardagslege!

Konsept og regi Mats Eldøen    

Scenograf og kostymedesigner Monica Valsø 

Medvirkende Kristine Grændsen, Preben Rongve og Olli Wermskog




 



Billettar til Magi- og fantasioperatørane - Teatret Vårt

  1. Tys 15. okt kl 18:00 180 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_