Rita Eriksen - Songbird

Den Store Stemma står i fokus når Rita Eriksen syng seg

inn i Eva Cassidy sitt sjelfulle, musikalske univers. I denne konserten

får vi endeleg oppleve Rita Eriksen sitt fulle register –

slik heile Norge stemte henne fram som den første vinnaren

av NRK sin Stjernekamp.

Med si klokkeklare røyst bergtok Eva Cassidy ei heil verd

med sine tolkingar av nyare amerikanske klassikarar

frå 1960-, 70- og 80-talet. Rita Eriksen er ei beslekta sjel.

Ho vaks opp i same tiår som Eva Cassidy og har henta

inspirasjon i det same musikalske landskapet – frå soul til

blues, folkemusikk til pop.

Bunde saman med parallellar frå sine respektive liv og

musikalske forbilder byr Rita Eriksen i denne konserten på

klassikarar som Fields Of Gold, Over The Rainbow, God Bless

The Child, What A Wonderful World, Time After Time,

Autumn Leaves og selvsagt Songbird.




Billettar til Rita Eriksen - Songbird

  1. Lau 10. nov kl 19:00 415 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_