Sunnivakoret - Ytre Suløens -Tricia Bouttè

Vi er stolte av å kunne presentere ein skikkeleg nyttårskonsert i kulturhuset!

Sunnivakoret har om lag 70 medlemer frå Selje, Vanylven og Vågsøy, men vi har og med folk frå andre kantar av landet.

Vi er svært glade for å ha Per Oddvar "Prots" Hildre som instruktør og kunstnerisk leiar. Han er ein levande legende i korsamanheng, kjend langt ut over Noregs grenser, og det er ikkje utan grunn han vert kalla "Trollmann med kor". Han fekk korprisen frå Norges Korforbund i 2010, og i 2017 vart han utnemnt til Kommandør av Den Norske St. Olavs Orden.

Ytre Suløens Jass-ensemble har vore i kulturhuset mange gonger, og blir berre betre og betre med åra. Vi gler oss stort til eit gjenhøyr med dei og vår "lokale" vokalstjerne Tricia Bouttè Langlo, frå Sula og New Orleans.


Billettar til Sunnivakoret - Ytre Suløens -Tricia Bouttè

  1. Søn 6. jan kl 17:00 375 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_