Tre Små Kinesere

 

TRE SMÅ KINESERE med nytt album og feiring av 30-årsjubileum for debuten 365 Fri. 

Tre Små Kinesere kjem med nytt album i januar 2020, ganske nøyaktig 30 år etter utgivelsen av deira sensasjonelle debutalbum 365 Fri. I det høvet legg dei ut på ein turne over det ganske land. Kineserane starta som akustisk trio i 1988, med masse vokal, kassegitar, piano og kontrabass i besetninga. Dette skapte eit lydbilete som gjorde furore i ei elles syntetisk popverd. 

Siden då har popen blitt, om muleg, endå meir syntetisk og programmert, og eit akustisk alternativ er minst like velkome som då gruppa starta.  I løpet av 30 år har Tre Små vore innom mange lydbilete, og ein direkte oppfølgar til debutalbumet kom eigentleg ikkje før no. Det nye albumet er spelt inn i same ånd som debuten, med akustiske instrument og vokal som hovedbasis i lydbiletet. 

Derfor kjem kineserane denne gongen som trio, og let slik dei opprinneleg let. Repertoaret på denne turneen vil ha hovudvekt på det nye albumet og debutalbumet 365 Fri. Men dei kjem sjølvsagt også til å framføre kjende og kjære songar som Hjertemedisin, Klassebildet, Gammel Sykkel og Dørstokkmila. 

 

Velkomen til ein varm, morosam og nær konsert med fantastiske låtar og eit tent Tre Små Kinesere i 2020! 


Billettar til Tre Små Kinesere

  1. Lau 14. mar kl 19:30 320 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_