"Skjerm barna" - foredrag med Maja Lunde
Billettar
Om arrangementet
Forfattar Maja Lunde held eit foredrag for deg som synast at borna ser for mykje på skjerm, og som ønsker å bidra til å ta barndommen tilbake! Eit barn som bruker mobilen ein time om dagen vil med ein gjennomsnittleg levealder på 82 år, bruke om lag 30.000 timar på mobilen. Det er tre og eit halvt år, eller 15 årsverk. Veldig mange born og unge brukar mobilen 4 timar eller meir kvar dag. Det tilsvarer 60 årsverk. Mobilen og algoritmene, eig bornas tid. Mobilbruken går utover alt det viktige dei treng for å ha det bra; leike, sove, røre seg, lese, drøyme og vere saman med andre. Samtidig stig tala på psykisk uhelse mellom barn og ungdom, og skuleresultata stuper. Vi har gjeve barna fri tilgong til applikasjonar og dingsar som vi vaksne knapt klarer å handtere. Sosiale medier krev ei mental modning barn og unge rett og slett ikkje har utvikla, fordi hjernen framleis er under ombygging. Men: det som ikkje gjer liva våre og samfunnet betre, har ikkje kome for å bli. Det kan vi fjerne eller endre. Onsdag kveld vil Maja Lunde fortelje oss korleis vi kan ta barndommen tilbake. Velkomen!