Strandaquiz´n
Billettar
Om arrangementet
Onsdag i påskeveka er vi nok ein gong klare for uhøgtideleg moro. Strandaquiz´n er ein kjend og kjær møtestad for innbyggarane på Stranda, og for utflytta strandarar på påskeferie! Kategoriane er mykje godt dei same som tidlegare; sport, geografi, historie, kultur, lokale tema, litteratur, verda i dag og musikk. Paul Ivar garanterer sær og god musikk medan Leidulf vil prøve og begrense det særaste...! Sett i hop eit lag med vener og delta i leiken! Det vert premie til beste lag, og nokre trekkepremiar undervegs. Dørene opnar kl. 19.00, quizstart ca kl. 20.00