Terje Vigen og Ibsens Smådjevler

Om arrangementet

Hemn og forsoning "Der bodde en underlig gråsprengt en på den ytterste nøkne ø; – han gjorde visst intet menneske mén hverken på land eller sjø." I forestillinga Terje Vigen og Ibsens smådjevler tek skodespealr Per Egil Aske oss med på ei reise gjennom Ibsen sin lyrikk og dramatikk. Saman med teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag har Aske valt ut nokre høygdepunkt frå forfatterskapen til Ibsen. Mange kjenner Henrik Ibsen sine dikt. Sjølv kalla han dei for sine «smaa djevle». Første del av forestillinga byr på nokre av desse smådjevlane saman med smakebitar frå Peer Gynt, medan andre del er via til det gripande langdiktet Terje Vigen. Undervegs vil Per Egil Aske invitere oss inn i livet som skodespelar, dele refleksjonar kring tidligare arbeid med Ibsen sine roller, kva Teatret Vårt har betydd for han, og kvifor han vart skodespelar. Kanskje får vi også avslørt nokre hemmelegheiter? Der er meir enn 160 år sidan Ibsen skreiv Terje Vigen. Ei tid der menneska i Noreg leid under internasjonale konflikter, og kor fattigdom og svolt var ein del av kvardagen.. Forteljinga om en mann sin desperate kamp for familien sin, møtet hans med overmakta, og den djupe konflikta mellom hemn og forsoning, kling sterkt også i vår tid. Framleis er diktet relevant og tek opp tema som risikovilje for å ta vare på sine næraste, hemn og forsoning. Sist haust opplevde vi stor suksess med Kongen av Veøy, der Per Egil Aske hausta lovord frå både publikum og kritikarar. No er han tilbake på Teatret Vårt med Terje Vigen og Ibsens smådjevler – ei intens og nær forestilling der Henrik Ibsen sine dikt treff med ny kraft i vår tid.