Tobias Sten - Noregs nye countrystjerne
Billettar
Om arrangementet
I juni 2024 arrangerte Universal Music ein talentkonkurranse for å finne Noreg sin neste norskspråklege countrystjerne. Det fann dei! Tobias Sten vann konkurransen, og har sidan teke publikum med storm med utselde konsertar og massive streamingtal. Tobias Sten frå Stord har pusta countrymusikk sidan han var liten gut, og starta sitt eige countryband allereie som 12-åring – og har stått på scena sidan! Tobias lener seg mot singer-songwritersida av countrymusikken, og henter inspirasjon fra Zach Bryan, Jason Isbell og Watchhouse. Med sine personlege tekstar om oppvekst på bygda og sterke formidlingsevne, er Tobias eit friskt pust i norsk musikk, som gir den nye generasjonen ei stemme på stordamål i countrymusikken. Han har allerede markert seg som en artist å følge, og mange ser fram til kva han vil bringe til country-musikken si verd i åra som kjem. Dette vert ein flott start på påskeveka. Velkomen til triveleg stemning i storstova vår med solokonsert av Noreg sin nye countrystjerne!